torsdag 25. mars 2010

My Norwegian family in Zambia

Eg hadde eigentleg tenkt å skriva eit blogginnlegg om alt eg har gjort den siste veka, men det får komme i morgon for dette innlegget har eg tenkt å dedikere til den fantastiske gjengen eg har med meg her i Zambia! Eg kjente så og seie ingen av dykk når eg reiste nedover, men no er det blitt ein del av kvardagen min og eg er utruleg glad for å ha dykk med på alt eg opplever her nede!

Eg har spøka litt med det i det siste at det kjems til å bli godt å endeleg få litt fred og ro til å arbeide med skulearbeid og slappe av, når alle dei 10 andre skal reise til Zanzibar og eg skal vere igjen på Willma to netter aleine. Idag var altså dagen.

Det starta tidleg om morgonen med at mi kjære treningsvenninne, kranglevenninne, dansevenninne, romvenninne og ikkje minst sengvenninne skulle sette seg på bussen ilag med Veronica klokka 07.30. Dette innebar at eg måtte sei hadet til ho i halvørska og sei: God tur, ser deg om 12 dagar! Etter å ha hatt ein ganske så innhaldsrik dag med to intervju og besøk i ein rettsak var det tid for ein god middag med Marianne--> mi andre kjære romvenninne , Maren --> You and me are alike!, og Cathrine --> my sweet little baby girl! På menyen stod beinfri (!) kyllingfilet frå Spar, salat, cream freche, bakt potet og ikkje minst tacokrydder frå Noreg! Når me hadde ete og alle byrja å stresse med at dei ikkje hadde pakka ferdig, dei måtte dusje, dei måtte ditt og datt, byrja klumpen å bygge seg opp. Etter kvart kom fleire av våre zambiske venner for å sei hadet til alle sammen, der fleire lova at dei skulle underholde meg i morgon.. Alle flytta all bagasje og eigendelar som dei ikkje skulle ha med til Zanzibar inn på mitt rom. Sidan alle skal vere vekke i 10 dagar skal me berre leige eitt rom der me har all bagasjen. Klokka byjra å nærme seg 19.30 og familien min måtte til å ringe taxi. Me snakka mykje om kor utruleg avhengig me er blitt av kvarandre, noko som ikkje er så rart sidan me har budd oppå kvarandre i to mnd. Me snakka og om korleis det kjems til å bli når me skal heim igjen og ikkje bu oppå kvarandre lenger. Noko me ikkje ville snakke så mykje om ikveld.. Så klart blir me lei av kvarandre, opplever litt "breach", tendensar til konfliktråd, og av og til treng ein berre å komme seg litt for seg sjølv, men når ein blir klar over at ein ikkje skal sjå kvarandre på ei stund, går det opp for ein kor utruleg mykje desse folka har begynt å bety for deg! Taxien kom, Mr. Willma, Alice, Judy (eine resepsjonsdama) og eg stod ute for å sei hadet bra. Veldig takknemleg for dei folka som arbeidar på Willma, dei tek utruleg godt vare på oss. Dei sa at dei skulle passe godt på meg, og at no var eg deira "baby girl" (Cathrine har vorte kalla det sidan ho var på sjukehuset) :) Eg likar ikkje å grine offentleg, og det skal ein del til før eg gjer det, men etter å fått den eine gode klemmen etter den andre, greidde eg ikkje å la vere! Så det vart ein blanding av grining og latter og mange gode klemmar, før eg måtte gå inn på rommet mitt for å vere litt aleine!

Så no sit eg her aleine i senga mi med 5 vifter, ei seng full i koffertar, zambisk musikk, coca cola, ventar på artige smsar frå my dearest Limpo og er super glad for at me har ein internettpinne, sjølv om det er ganske dyrt!

Ja, eg veit at eg skal til Sør-Afrika og møte både mamma og pappa på laurdag, men det verkar ganske fjernt akkurat no. Eg veit eg kjems til å få det heilt topp, og at alle i Zanzibar vil få det heilt supert! Når me kjem "heim igjen" til Willma, skal me ha tidenes grillfest!

MÅ KOSA DIKKA MASSE Carina, Marianne, Renate (Limpo), Juliane, Maren, Cathrine, Stine, Benjamin, Veronica og Robert!!

Miss you already!
Sentimental og god klem frå Anne Grethe, Anne Greather AG, AG3, Enonge!

2 kommentarer:

  1. hehehe, eg ser du ha fått dei "kjære gamle" kallenavni dar nede og! morsomt, du kjem ikkje undao dai also. Men ke betyr enonge?
    Berre ein dag igjen t du fere til sør-afrika no, steikje also..kunne tenkt meg ein sleke påskeferie eg og jah. No bli da først innom Voss, åsso heimatte t Hafslo:) Eg ekje heima t hafslovatne rundt uansett i aor, men eg trur faktisk ikkje atte da bli nåke ao for da e so lite snø... so du ha vel gjedna ikkje gaott glipp av dan beste skisesongen naor du no først skulle ut pao reis:) Håpa du ha da bra me resten av dei afrikanske vennene dine, og god tur til sør afrika i morgon!!!
    Glad i deg!
    -Linda-

    SvarSlett
  2. Baby <3 Så søtt innlegg! Rart det er å ik har deg i nærheten og tulle med deg! Dårlig gjort at jeg ik fikk noe tårer når jeg dro altså!! Haha!! Men gleder meg allerede til å dele seng m deg igjen, min muzungu Afunta;) Kose deg max, og hils til foreldra dinne å si at de har ei superduper fantastisk babygirl, som jeg har blitt glad i <3! Ang mailen!! Jeg sier bare ! Have fun <3 Klemmer fra regnet!

    SvarSlett