Kor skal ein byrje etter ei veke på den
mest fantastiske plassen på jord?!
Eg vel å byrje på første dagen, så tek me det der i frå!
Flyturen gjekk som smurt utan problem. Me
landa på bursdagen til Kjersti, 22.12, og eg hadde avtalt med eigaren på Cafe
Zambezi (nyopna restaurant) at han skulle pynte med ballongar og ordne med
kake. Bortsett frå at me måtte vente over to timar på maten (noko som passa
veldig dårleg sia alle hadde reist langt og ikkje ete skikkeleg mat).
Bursdagsbarnet
Bursdagsselskap
På julafta stod eg, Knut Are, Kjersti og
Annette, tidleg opp for å reise til Botswana og feire jul der. Mamma, pappa,
Bente og Henning reiste dagen før. Me slappa av ved ”poolen” fram til båtsafari
klokka tre. Der fekk me sjå masse elefantar, krokodillar og flodhestar! Heilt
fantastisk! På kvelden var det julebuffet på Chobe Safari Lodge. Eg kan godt ha
fleire slike julaftar!
Første juledag stod me opp i 5-tida for å
reise på safari. Forrige gong eg var i Afrika, såg eg 4 av dei Big Five; løve,
bøffel, nashorn og elefant. Det einaste dyret eg mangla var leopard. The Big
Five går ut på dei dyra som var vanskelegast å drepe når dei jakta på dei før.
Leoparden er veldig sky og vanskeleg å oppdage. Ein av dei første tinga me fann
var ei løve som låg aleine i eit tre, og så fann me Simba og Nala på 2-3 år.
Etter ei stund såg me ein LEOPARD langt borte i trea,
kanskje 200 m. Uansett, var me veldig fornøgde med at me endeleg hadde sett ein
leopard!
Etter å ha sett andre dyr, gassa plutseleg sjåføren på noko veldig og
snakka mykje i walkie talkien sin.
Me kom fram til ein plass der det stod mange andre bilar. Så såg me at
det låg ein leopard 30-40 m unna oppe i eit tre! Heilt fantastisk! Leopard er
mitt nye favorittdyr!
Andre juledag reiste me til Victoria Falls
med Kjersti og Annette. Eg var redd for at det ikkje skulle vere nok vatn i
fossen, men det var eigentleg akkurat passe!
Etter litt avslapping vart me henta
av ein bil. Kjersti og Annette hadde ordna ein overraskelse for oss i
bryllupsgåve. Etter å ha køyrt eit stykke mot Victoria Falls stoppa me der dei
flyg helikopter og mikro fly. Dei hadde ordna mikro flytur til oss over
Victoria Falls!! Heilt fantastisk!!
27.12 flytta me frå Willma og bort til Waterfront for å komme nærmare der me
skulle ha bryllupet, David Livingstone Safari Lodge & Spa. Det var ein del
unødvendig styr som måtte ordnast, men når det var ordna kunne me slappe av.
Denne dagen var det også det kraftigaste regnveret eg har sett i Afrika, veldig
glad for at det ikkje kom neste dag! Utpå dagen kom foreldra til Knut Are og
broren, Kjell Jaran. Me reiste
alle ut og åt på Armadillos på kvelden, kjempe koseleg!
28.12 var den store dagen, og denne dagen kan faktisk ikkje beskrivast med ord!
Det vart mykje meir og betre enn me kunne drøymt om med fantastisk stemning og
blide mennesker heile dagen!
No er det fem dagar til me set oss på flyet til Zambia!
No er det tolv dagar til me skal gifte oss!
Det er ikkje lenge!
Jøss, så eg gledar meg!!
Eitt av dei første bilete eg tok første gong eg var i Zambia.
Borte i hagen der, skal sermonien vere. Zambezi river er rett attmed.
Me skal på Sunset Crusie på Lady Livingstone
Dei som kjenner meg, skjønnar at dette resulterar i ein del sovnlause
netter der alt skal tenkjast og planleggast ned til minste detalj, i tillegg til at eg skal glede meg; Har
eg hugsa det? Har me hugsa det? Har gjestene hugsa det?
Har me bestilt alt me skal? Har gjestene bestilt alt dei skal? Går
flyet? Rekk me flyet frå Johannesburg til Livingstone? Er det noko meir
me må gjere? Har me alle papir? Har me nok pengar? Kva aktivitetar skal
me gjere?
Dette er noko av det som kvernar opp igjen og opp igjen i hovudet mitt, som regel nattestid.
I tillegg er det så masse eg skulle gjort og har lyst til å gjere før eg
reiser. Eg skulle ha lest meg inn på det eg går glipp av på
førelesningane første veka; eg skulle ha lest ferdig museumsstoffet så
eg er klar til eventuell jobbing når me kjem heim; eg skulle ha gått
mange og lange turar med Tassen før me plasserer han på pensjonat for første
gong; eg skulle fått meg ein tur på ski før me reiser; eg skulle fått
inn all trening eg kan hos manuell terapeuten før eg reiser; og ikkje
minst, eg skulle fått slappa av etter eit hardt semester før me reiser!
Akkurat no var det meir fristande å sette på Åge Aleksandersen på TV'n
(songen akkurat no er: "Levva livet", noko å tenkje over ein gong i
blant) og skrive eit blogginnlegg!
Sett vekk i frå alt dette, så gledar eg meg utruleg mykje! Eg skal
tilbake til Zambia, og eg skal ta med meg nokon av dei viktigaste ned
dit! Bortsett frå bryllupsplanlegging og bryllup skal me feire julafta
med safari i Botswana, besøke Mukuni Village,
Victoria Falls så klart,
og
vere nesten ei veke i Cape Town. I Cape Town skal me blant anna feire
nyttårsafta, til Robben Island (obligatorisk), Table Mountain, også har
ein del av oss bestemt oss for å leige bil ein av dagane og køyre
austkysten til "Kapp det gode håp" og vestkysten tilbake igjen (eler
motsatt). Då kan me stoppe kor me vil på vegen og skal blant anna innom Boulders Beach, der det er eit naturreservat for pingvinar. Ein av dei siste dagane skal nokon av oss til Aquila Safari eitt døgn.
Alt dette ilag med at me skal gifte oss, tenkjer eg må bli ei topp avslutning på dette året!
I slutten av 2010 var eg sikker på at dette året skulle bli det beste i
mitt liv, men fram til no har det heller vore veldig opp og ned. Blant
anna hadde eg mitt første år som ferdigutdanna førskulelærar, men fekk
beskjed om at eg ikkje kunne jobbe i barnehage på grunn av ryggen (noko
som førte til uttallege timar med frustrasjon og trening), eg og Knut
Are skulle på draumeferie til Zambia i påsken, men han enda opp på
sjukehuset og måtte sendast med medisinfly til Johannesburg. Dette har
eg skrive om før, men er framleis det verste eg har opplevd.
Heldigvis kom eg inn på master i fleirkulturell og internasjonal utdanning,
noko eg hadde veldig lyst til og som eg ikkje angrar eitt sekund på!
Men det har vore hardt, mykje å gjere, og i tillegg til togturen fram og
tilbake mellom Kongsberg og Oslo, har det ofte gått ut over ryggen og
trening (fekk beskjed i oktober at var tilbake der eg var når eg byrja
hos manuell terapeuten i april). Bortsett frå det har eg komme i ein
fantastisk klasse, med mange ulike erfaringar og bakgrunnar. Eg har lært
mykje, og det er mykje eg har kunna knytta det eg såg, erfarte og svar
eg fekk på intervju i Zambia, som eg ikkje forstod då, men som eg
forstår betre no. Eg møter også meg sjølv og mine eigne meiningar "i
døra" ganske ofte, og ser til stadigheit at det er mange andre måtar å
tenkje på og gjere ting på som ikkje nødvendigvis er noko dårlegare enn
det eg har sett på som den beste måten.
Tilbake til bryllupet og Zambia. Det blir godt å komme tilbake og finne
igjen den delen av meg som ligg igjen der nede. Når me kom tilbake i
april, var det akkurat som alle mine vestlege, stressa, tidsfikserte,
matrielle problem forsvann og prioriteringane vart annleis. Eg gledar
meg òg til å treffe alle dei herlege folka og at familie og nokon av
vennene mine skal få treffe desse og sjå kva eg har snakka så masse om i
snart to år. Desverre er det no ein del av vennene mine som ikkje kan
av ulike grunnar noko eg har vore veldig lei meg for (sjølv om eg
forstår alle grunnane), men me som reiser skal få det topp!
Kanskje me får så koseleg besøk når me skal bu på Willma denne gongen òg?!
Gjensynsgleda var stor når eg møtte igjen Alice, Elaine og Jane i april.
Dei kjem alle tre i bryllupet.
Samson og Eunice på besøk i Kongsberg oktober 2010.
Eg gledar meg til å treffe dei i Lstone, og dei kjem begge i bryllupet!
Rektoren på David Livingstone High School, Mapondo,
i Solvorn når deivar på besøk ei veke på Hafslo i fjor haust.
Han kjem òg i bryllupet.
Herlege Namokolo og Mr. Matimba i Solvorn. Dei kjem i bryllupet :)
Barbara passa godt på oss dei tre månadane me
var i Zambia, og er ein sjølvskreven gjest!
Eg har tilbragt mange timar og km i bilen til Mr. Mupoti!
Både han og kona kjem i bryllupet,
og han har ordna transport for oss og gjestene.
"Mr. Willma" eller Mr. Jaani som han eigentleg heiter, eig Willma.
Han har ordna overnatting til oss og kjem i bryllupet :)
Tru det eller ei, men desse to kjem òg i bryllupet! ;)
Dette var nokon av dei herlege zambiske gjestene som kjem i bryllupet vårt!
No er det berre å pakke ferdig, få gjort det eg får gjort, og ikkje stresse over det eg ikkje får gjort.
Neste blogginnlegg blir nok anten i Zambia eller Sør-Afrika!
Ha det topp og god jul!! :))
Sleng med nokre bilete frå utdrikningslaget mitt (dei einaste eg har) med dei beste jentene!