Så her kjem eit blogginnlegg om våren og sommaren min, som er både positivt og negativt, optimistisk og pessimistisk! ;)
" - Nils Petersen.
Helse
Eg har slete med ryggen sidan eg var 13-14 år, så det har på mange måtar vorte ein vane å ha vondt i ryggen. I mars vart det derimot verre enn nokon gong, og i april kom eg meg til slutt til manuell terapeut, Einar Hoven. Eg har hypermobile ledd, og har hatt det meste ut av ledd, og Hoven sa at den eine ryggvirvelen nedst i ryggen var heilt lause og at musklane rundt ikkje fungerte som dei skulle. Han sa eg kunne trene det opp igjen, slik at eg ivertfall kunne leve med det, men eg burde ikkje jobbe med barn.
Ikkje jobbe med barn?! Det var som eit slag i magen, etter å ha utdanna seg som førskulelærar, der ein faktisk jobbar med barn, og etter å ha jobba eitt år som pedagogisk leiar. Eg burde jobbe på kontor, og ikkje ha ein jobb som innebar mykje løfting og tungt arbeid. Eg hadde tenkt å ta master uansett som jo vil gi ein jobb med mest kontorarbeid, men eg har heile tida tenkt at eg hadde alternativet, og kunne jobbe i barnehage viss eg ville det. No har eg vent meg til tanken, sjølv om det fortsatt er kjipt, og er glad for at eg ivertfall kan ta med meg førskulelærarutdanninga inn i vidareutdanninga.
Eg har framleis mykje vondt, hatt vondt kvar dag i over 4 mnd, men eg merkar at treninga hjelp litt. Eg trener tre gonger i veka hos manuell terapeut i slynge for å trene opp stabiliteten i ryggen (ikkje no i sommar for det er stengt), og eg kjenner at eg toler meir. Men det er framleis vondt kvar dag, og å køyre bil/sitte på, gjere husarbeid, stå/gå/sitte/eller ligge for lenge i same stilling gjer vondt, og eg kan ikkje løfte noko særleg. Heldigvis har eg ei kjempegod støtte i Knut Are som har tatt seg av husarbeid, all løfting og bæring, smurt meg inn med ibux gel, trøsta meg når eg har vore lei, fått opp humøret når eg har vore sint og sur, i det heile vore heilt topp!
Sommar
Sjølv om det ikkje virkar slik i skrivande stund (det høljar ned vassrett ute!), så er det no sommar. Sidan me var i Zambia i påska og skal gifte oss i desember, har me logisk nok ikkje vore på noko utanlandsferie i sommar.
Men me har kosa oss mykje her i Noreg, vore på festival og besøkt familie, slekt og venner.
Me starta ferien med over ei veke heime. Kjempegodt å kunne vere heime over litt lengre tid, einaste minuset var at Knut Are jobba natt som aviskøyrar (han jobba som det ved sida av skulen i fjor). Første natta kom han seint heim, og når han kom heim var det utan min bil! Den stod på Leikanger, utan olje. Seinare på dagen vart Christoffer med oss til Leikanger for å taue bilen tilbake til Hafslo! Etter nokon dagar, fant Knut Are ut at det var botnpanna som var øydelagt og måtte skiftast. Bilverkstadet skulle ha 7000,- berre for jobben, så då fant Knut Are ut at han ville gjere det sjølv. Så han bestilte delane, jobba natt, sov på dagen og mekka på ettermiddagen! Litt av ein ferie for han! Sidan me skulle reise til Kongsberg tysdag 05.juli, var det litt stress å få bilen ferdig, men mandag hadde han fiksa bilen, flinke "jobbemannen"! :p
|
Klar for Rockabilly-fest! 2.juli arrangerte naboane mine (Søhoel)
med Joar Søhoel i spissen, Rockabilly-fest på Beim, Hafslo!
Kjempe bra initiativ, bra stemning og kjempe gøy! |
Tysdagen henta me Kjersti i Sogndal og sette nasa mot Kongsberg. Onsdagen skulle me nemleg på Telenor Arena for å sjå Iron Maiden med Alice Cooper som oppvarming! Eg fekk melding av Kjersti før jul ein gong, der ho spurte om me ville vere med på konserten. Eg fant ut at det kunne vere ei fin julegåve til Knut Are, noko han vart veldig glad for. Endeleg var dagen komme, og me var klar! Det var ein bra konsert med mykje liv. Det var spesielt morosamt å sjå over 60-år gamle Alice Cooper med masse sminke, sære antrekk og sceneshow! Iron Maiden var også spreke og levde opp til forventningane!
|
Alice Cooper med norsk landslagsdrakt og norsk flagg |
|
Ventar på Iron Maiden |
|
Familien Brille på tur! |
|
Super kule og super svette! Det var varmt på Telenor Arena! |
|
Iron Maiden |
Neste dag køyrte eg Kjersti til Hokksund slik at ho kunne ta bussen til Sogndal igjen, og eg og Knut Are køyrte til Stavern. Der skulle me på Stavernfestivalen (var der i fjor også). Stavern er ein superkoseleg liten by ved skjærgården, som får ganske bra artistar til
Stavernfestivalen. I år var hovudattraksjonane for meg Roxette og BigBang, men det var også mange andre bra artistar! Blant anna Montèe, Henning Kvitnes, Admiral P, Jarle Bernhoft, Kurt Nilsen, med meir. Me kosa oss masse, sjølv om me ikkje var like heldige med vêret som ifjor! (Ifjor - strålande sol, i år - skiftande, men for det meste, høljeregn).
|
Roxette! Roxette var den første CD'n eg fekk! :) |
|
Knut Are og Montèe |
|
Jarle Bernhoft |
|
Fint vêr! |
Etter 4 dagar i Stavern, sette me snuten mot Levanger, noko som skulle vise seg å vere ein laaang tur. Over 11 timar tok det frå me sette oss i bilen til me kom fram!
|
Etter mange timar i bil, stoppa me på Tynset og
var litt turistar på noregs største spark. |
Når me kom fram var Merete (søskenbarnet mitt) og John Olav (typen hennar) der, og dei hadde kjøpt ein pizza til oss. Den smakte veldig godt etter mange timar i bil! Hovudgrunnen til Levangerturen, var for å besøke mi 94 år gamle mormor! Det var veldig koseleg å treffe ho igjen, men det merkast at ho blir eldre for kvar gong.. Elles fekk me treffe litt slekt, søskenbarn og tante og onkel, og me fekk treffe Marianne!
|
Utsikt frå Nesset på Levanger (der mamma kjem frå) |
|
Tur på Skogn med Marianne |
Etter nokon dagar i Levanger sette me snuten mot Lærdal. Denne turen skulle eigentleg ta 7-8 timar, men enda opp med å ta 11.5 timar! Først var Hell-tunnelen stengt på grunn av ein hengar som hadde usikra last, slik at me først stod lenge i kø, så måtte me snu og køyre ein omveg. Seinare var dei ei bilulykke ved Dovre, som gjorde at me stod lenge i kø. Elles var det vegarbeid som stengte eine snarvegen me pleier køyre, og som gjorde at me måtte vente ei stund på Dovrefjellet. Men me kom fram til slutt!
I Lærdal var me i fire dagar, der kosa me oss mykje med Johannes (nevø) og var på fjelltur til Sendalen. Veldig bratt, men fin tur!
|
Tassen prøver å få seg nye venner i Lærdal |
|
Johannes :) |
|
Hjort i Sendalen |
|
Rast i Sendalen. Tassen følgjer nøye med på hjorten oppe i lia! |
|
Bratt opp og bratt ned! |
|
Vassing i fjellelva |
No er me i Kongsberg nokon dagar, der Knut Are har jobba litt i barnehagen, før me reiser til Hafslo igjen i morgon for ei lita veke.
Skule
No er det under 1 måned til eg byrjar på skulen og eg er kjempe spent! Det er alltid spennande å byrje i ein ny klasse og ikkje minst på ein ny skule! Ikkje minst når det er ein del internasjonale studentar, all undervisning blir på engelsk og eg skal ta master! Byrjar å få sommarfuglar i magen allereie, men eg kan ikkje vente med å byrje!
Før eg reiste til Zambia, hadde eg tenkt å ta master i spesial pedagogikk (noko som var bra eg ikkje gjorde, med tanke på ryggen), men når eg kom heim igjen, følte eg ikkje at dette var det eg ville. Eg byrja å google litt, og søkte på førskulelærar + internasjonalt. Då fant eg master i internasjonal utdanning ved høgskulen i Oslo (einaste skulen som har det), og når eg leste studieplanen, var det som om utdanninga var skapt for meg! Så venta eg eitt år før eg kunne søke, og kryssa fingrane for at eg kom inn!
Tidleg i juni var eg tilfeldigvis inne på SøknadsWeb og der stod det at søknad var innvilga og at eg kunne takke ja eller nei. Eg vart kjempe glad! Etter nokon dagar fekk eg ein mail der det stod at eg var komme inn og dei ønska meg velkommen som student. Plutseleg nokon dagar etter fekk eg eitt brev der det stod at eg hadde fått tilbod om å stå på venteliste. VENTELISTE! Eg vart kjempe lei meg, stressa og fortvila, og var heilt sikker på at flaksen min hadde slått til igjen og at eg ikkje var komme inn. Eg vart ekstra frustrert sidan eg no ikkje har så mange andre alternativ enn vidareutdanning på grunn av helsa. Først ringte eg mamma fortvila, sjølv om eg eigentleg visste ho ikkje kunne gjere så mykje (men godt å ha nokon å spørje om råd). Ho sa eg mest truleg var komme inn, men at eg skulle ringe skulen neste dag. Neste dag ringte eg skulen og vart sett over til mange forskjellige personar. Til slutt traff eg på rett person og sa kva som hadde skjedd. Ho sa at det hadde skjedd ein "feilformulering". I mailen eller i brevet?, spurte eg. I brevet. Så eg var komme inn, og ho beklaga feilen. Ho skulle berre visst kor bekymra eg vart over den "feilformuleringen"! :p Så då vart eg like glad som første gong eg såg eg kom inn, og pusta letta ut! Eg har allereie fått timeplan for heile skuleåret 2011/2012 og veit når eg skal levere oppgåver og ha eksamen. Det er noko eg ikkje er vant med frå tidlegare, men veldig glad for!
Her kan du lese meir om master i internasjonal utdanning
Bryllup
No er det snart 5 månader til bryllupet, og det meste er på plass! Ikkje verst, men greitt å ha alt ordna når ein skal gifte seg i Zambia!
Me har bestilt flybillettar - me reiser til Zambia 21.12, og til Cape Town 30.12. Heim igjen reiser me 05.01.12. Kjempe glad og takknemleg for at Ine (forlovar) har bestemt seg for å reise samtidig som oss, og ikkje etter julafta, sjølv om ho har ein liten gut og kjærest heime! Då får me litt tid til å gjere litt "brud-forlovar"-ting i Livingstone, sidan det ikkje blir så mykje av det her heime.
Kjersti og Annette skal reise samme dag som oss også, og Christoffer, Håvard og Susanne reiser dagen før! Mamma, pappa, Bente og Henning reiser samme dag som oss, men til Lusaka for å så ta bussen der i frå. Så det blir ein gjeng som feirar jul i Afrika istaden for Noreg denne jula! Me (meg, Knut Are, Ine, Kjersti og Annette) har bestemt oss for å reise til Botswana tidleg på julafta for å feire med safari. Me blir eitt døgn, for det er ein del å ordne for oss i Livingstone før bryllupet. Pappa, mamma, Bente og Henning blir nokon dagar i Botswana. Bryllupsreisa blir i Camps Bay, ca. 15 min utafor Cape Town, mens Bente, Henning, Ine, Kjersti, Annette, Christoffer, Håvard og Susanne skal vere i Cape Town. Me gjer nok ein del aktivitetar ilag, og kanskje blir det ei storfeiring på nyttårsafta? Me skal eit døgn på ein safari som ligg utanfor Cape Town, der dei hentar og leverer oss.
All overnatting er bestilt, dei viktigaste detaljane til bryllupet bestemt, og kjole kjøpt! Eg gledar meg veldig, og kunne ikkje drømt om eit meir perfekt bryllup og bryllupsreise! :D